Landbruk og mat

Folket i skogsbygda Hølonda, som ligg mellom åsar og høer på høgdedraga mellom Orkdal og Gauldal, har alltid vore avhengig av det jord og skog kunne kaste av seg. På det typiske gardsbruket på Hølonda var det husdyr av alle slag med kua som mest livgjevande. Vekstskifte med korn og gras var vanleg til fram på 1960-talet. Ein middels gard på Hølonda var frå 50 til 100 mål, med til dels brattlendt jord. På dei beste og eldste gardane i bygda, rundt vatna Benna, Gaustadvatnet og Ånøya, var jordene flatare og bruka større. Men utgjennom dei små og bortgjømte avstikkargrendene frå hovudvegane kom busettinga seinare og bruka var mindre. Skogsdrift og sagbruksdrift, utmarksbeite og markaslått var ein føresetnad for å greie seg. Mangesysleriet med arbeid utanom bruket, i gruvene på Løkken, skogsdrift i Meldalsmarka, sagbruk på Hovin, fløting i Vigda og etter kvart arbeid i byen var vanleg. Frå 1960 og fram til i dag er landbruket på Hølonda modernisert og bruksstrukturen endra. Sauhald og grisehald er så godt som borte, mens det er gode produksjonsmiljø for mjølk og kylling.

Eksempel på foredrag:
  • Korleis få til eit berekraftig og klimasmart landbruk
  • Den norske landbrukspolitiske modellen under press
  • Norsk landbruk i eit hundreårs perspektiv
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678