Servering av lokal mat og drikke

Når gjestene kjem fram, serverer Sissel kaffe/te med med noko attåt. Etter diverse avtalt program blir det lunsj med lokal vri og drikke på bestilling. Vi har fått Halvor Heuch i Arcus til å utvikle ein velkomstdram bygd på den trønderske akevittresepten. Det har vore brygga øl i Lufallet sia den første busettinga først på 1500-talet, og Ås-åkeren i Lufallet var einaste staden der kornet vart gult i naudsåret 1812. I nyare tid har Jåren maltøllag tatt oppatt skikken med ølbrygging. Jåraøl er eit lyst øl brygga på handverskvis for oss av Inderøy gårdsbryggeri. Både øl og dram kan serverast etter ønske.
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678