Skibygda Hølonda

Frå det førre århundreskiftet er Hølonda kjent som ei av dei fremste skibygdene i Trøndelag, omtalt i skilitteratur av Thor Gotaas og Sverker Sörlin som ein av arnestadene for moderne norsk skisport. Idrettslaget Leik vart stifta i 1894, og har fostra landskjente skiløparar som Magnar Estenstad, Ola Unsgård, Rolf Gaustad, Toralf Engan, Oddvar Brå, Iver Jønland, Svein Lilleberg, Anne Kari og Stine Lillebudal. Ved Eid skole står ein statue av den verdskjende skilegenden Oddvar Brå og på Gåsbakken, like ved Toralf Engans barndoms bakke ligg Hølonda skimuseum. I tidlegare tider med dårleg vegstell og mangelfull brøyting tok folk seg fram på ski og om vinteren og tømmerhogging ga grunnlagstrening frå hausten av. Snøsikre vintrar og rikeleg med blautmyr til barmarkstrening har vore eit fortinn i nyare tid. Hølonda er ein snøsikker stad sjølv i klimakrisens tid, noe ein fekk demonstrert i 2013/2014 da det heile vinteren igjennom var flotte skiløyper med 25 km godt preparerte spor med utgangspunkt i Restad, ikkje langt frå Jårheim.

Eksempel på foredrag:
  • Skogsarbeid, blautmyrer og lange vintrar som grunnlag for skibygda Hølonda
  • Om Toralf, Oddvar og Marit Bjørgen: Kvifor har så mange bygder fostra idrettsheltar
  • Å hevde seg på ski har gitt høg status i hølondsamfunnet
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678