Skreddarsydde foredrag

Foredragsfjøset Jårheim er ein forretningside om å bygge om sauefjøset til forsamlingslokale og ta imot folk og halde foredrag for dei. Eit typisk besøk vil vera ein liten busslast med folk som eg møter på Melhus, guidar hit til Hølonda, der eg viser dei rundt i bygda, før dei får lunsj laga av kona mi Sissel og eit foredrag av meg på bestilt tema. Tema etter ønske, men eg held helst foredrag om mat og landbruk, utviklinga på bygdene, skibygda Hølonda eller om lokahistorie og dialekt.