Sissel og Reidar Almås inviterer grupper og lag til ein guida tur til Hølonda med skreddarsydde foredrag, god mat og drikke i forsamlingshuset Jårheim, eit ombygd sauefjøs i den idylliske Lufallsgrenda. Jårheim ligg i skogkanten ved Ulvstumyra, som minner om farne tider, der elg og tiur, gaupe og rådyr ofte er på besøk. Tett inntill ligg naturtypeområdet Tæråsen med ekstremrik myr, der ein finn raudlisteartane huldreblom og marisko. Vi kan ta imot inntil 50 personar. Om ønskeleg kan guiding og foredrag vera på engelsk. Pris etter avtale.

Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678