Bygdeutvikling

Bygdene har utvikla seg mye berre sia 1979 da sauefjøset som no har vorte ombygd til forsamlingshuset Jårheim vart tatt i bruk. Den beste inngangen til forteljinga om korleis stasjonsbyen Melhus og landbruksbygda Hølonda har endra seg i mi levetid, frå bondesamfunnet på 1950-talet til dagens tenestesamfunn og forstadskommune til Trondheim, er ein guida busstur som kan starte på Melhus eller Korsvegen. Ein tur innom sjåverdige plassar, som statuen av Oddvar Brå på Eid, Stavkyrkja på Kolbrandstad og Skimuseet på Gåsbakken kan det og bli tid til. Vel framme i Jårheim vil eg gjennom eit skreddarsydd foredrag etter ønske frå gjestane utdjupe det vi har sett på rundturen i bygda med dagens situasjon i norske bygder som bakteppe.

Eksempel på foredrag:
  • Den norske bygda, slik ho var, slik ho er og slik ho kan bli
  • Bygdeutvikling, bygdenæringar og framtidstru
  • Korleis mobilisere lokalsamfunna for næring og trivsel
Sissel og Reidar Almås, Lufallsvegen 30, 7212 Korsvegen Telefon 72853203- Mobil 92485399- www.jarheim.no – Org. nr. 969599678